Bli med i teneste!

 

Møtepunkt B er drive av frivillige, som inneber at mange bidreg i fellesskapet. Hos oss er det mange ulike frivillige tenester du kan ha. Vi er oppteken av at du skal trivast i det du gjer, og oppleve glede og motivasjon over å få bidra med det du kan. Medarbeidarskap skapar eigarskap, så gjennom frivillig teneste kan Møtepunkt B bli litt ditt også. Under kan du sjå på noko av det du kan bli med på. Har du idéar eller andre ønsker, er ingenting betre enn at du deler dette med oss, slik at du finn din plass i noko du brenn for og er engasjert i/for.

unsplash-image-fCEJGBzAkrU.jpg

Musikk og lovsong

For deg som er musikalsk, og som trivast med eit instrument eller song og som vil bidra med dette på våre ulike møter. Vi er ein songglad gjeng som liker å bruke musikken som trusformidling og lovsang.

unsplash-image-LJ5IhBA4gbs.jpg

Matlaging og servering

For deg som likar å lage mat og glede andre gjennom det du tryllar fram på kjøkenet. Kvar gong vi er saman er det mat, kaffi m.m. Ein kjempeviktig del av det å skape gode fellesskap.

unsplash-image-LzGjfk1SeDw.jpg

Praktisk teneste

For deg som likar å lage til, kanskje pynte litt og ordne det praktiske så det opplevast godt å komme innom bedehuset.

unsplash-image-XBDHmIXvsvM.jpg

Møtepunkt Barn

For deg som likar å vere saman med barna og formidle tru og tryggleik til dei små. Vi har ulike aldersgrupper av barn, og behova er ulike. Ei svært viktig og meiningsfull teneste.

Møtepunkt Ung

For deg som likar å henge med ungdom og kjenner på at denne gruppa treng at nokon lyttar og spør, peikar på Jesus og let seg involvere og engasjere i liva deira i dei avgjerande tenåra. Ei fantastisk viktig og meiningsfull teneste.

unsplash-image-nMffL1zjbw4.jpg

Møteleiing

For deg som likar å leie og sørge for å lose menneske igjennom eit møte. Møteleiar er den som limer dei ulike delane av møtet saman til ein heilskap og som hjelp forsamlinga å halde fokus.

unsplash-image-qDY9ahp0Mto.jpg

Forkynning

For deg som likar å formidle tru på Jesus til andre, eller som ønskjer å lære det. Ein fast og viktig del på Møtepunkt B at vi alltid opnar bibelen, og forkynner frå desse tekstane så trua på Jesus kan vekse.

unsplash-image-f_aHTIof44U.jpg

Forbøn og tekstlesing

For deg som likar å syne omsorg for andre menneske gjennom å be for dei. Kvar gong vi møtast er det mogleg å gå til forbøn, der nokon ber til Gud for deg. Og kvar gong opnar vi også Bibelen og les teksten som er grunnlaget for forkynninga.

Teknisk teneste

For deg som er teknisk anlagt eller interessert er lyd og lysteknikk og multimedia flotte og viktige oppgåver. Vi har eit godt PA-anlegg og eit proft multimediaprogram. Denne tenesta sørger for at alle ser og høyrer.

Dugnadsarbeid

For deg som likar å byggje, male, fikse, sy, reparere m.m. Bedehuset er  eit gammalt hus og  behovet for å oppgradere og reparere er stort, slik at bygget vert meir og meir teneleg og godt.

Bli medlem

Møtepunkt B er ein medlemsorganisasjon, og det er medlemma som vel styret. Send epost med namn, fødselsdato og telefonnummer for å bli registrert som medlem, eller bruk skjemaet under.