Bli medlem!

Møtepunkt B er som ein familie: Når vi kjem saman for å oppdage og utforske trua på Jesus og det rike livet Han har for oss, vert vi samstundes meir kjent med kvarandre. Vi bindast saman som søsken og gjennom det er vi ikkje lenger berre deltakarar på eit arrangement, men medlemmer i eit fellesskap. Ved å bli medlem seier du at du ønskjer å høyre til i denne familien og det den står for. Møtepunkt B blir meir ditt.   

 Som alle familiar fungerer også Møtepunkt B best når alle er med og bidreg. Difor vil vi oppmundtre alle medlemmer til å delta i ei teneste i og utifrå fellesskapet, og å bidra med fastgjevarteneste til fellesskapet.    

Det er berre medlemmar som har møte - og talerett ved årsmøtet, der vi saman vel styret og gjer viktige prioriteringar for fellesskapet og framtida.

Medlemskap kostar årleg kr. 250,- for vaksne og kr. 60,- for barn. Alle barn vert då medlemmar av Møtepunkt Barn, som fordi det er eit Actalag, kvalifiserer oss for tilskot for LNU-midlar frå staten.

Du treng ikkje melde deg ut av noko kyrkjesamfunn for å bli medlem hos oss. Alle er hjarteleg velkomne.

Lurer du på noko i forhold til medlemskap og/eller ønskjer ein samtale rundt eit slikt val, ta kontakt med vegard@motepunktb.no