Smågruppe - Møtepunkt A

Smågrupper av kristne er ikkje berre nok eit kristent aktivitetstilbod som skal fylle opp kalenderen din. Det er derimot relasjonar mellom menneske med ulik grad av tru, som ønskjer å kome nærare Jesus og kvarandre. Og slike grupper har vore ein essensiell del av levande kristne fellesskap, frå dei tolv første læresveinane, mellom dei kristne i Romas katakomber og vidare gjennom kyrkjehistoria. Små grupper av “lesarar” kringom i bygdene var utgangspunktet for det som i dag er Normisjon. Og rundt i verda er kristne kyrkjer i vekst kjenneteikna av at det finst mindre grupper som utrustar og prioriterer kvarandre.

Smågrupper kan gi nære fellesskap på ein annan måte enn dei store møta. I ei smågruppe blir du sett og hjelpt vidare i kristenlivet. Det kan òg vere ein god plass å ta dei første stega inn i trua. Vi meiner at eit sunt og levande kristenliv inneber ei form for veksling mellom dei små og dei store fellesskapa. Derfor tenkjer vi på smågrupper som vårt “Møtepunkt A”.

Ta kontakt med smagruppe@motepunktb.no eller med smågruppeansvarleg Andreas Tjomsland på tlf. 90739102 for å kome i kontakt med ei smågruppe som passar for deg!

Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede. Apg. 2,46

Smågruppeopplegg

I Møtepunkt B utarbeider vi opplegg for bruk i smågrupper og bibelgrupper knytt til tematikken på samlingane våre. Desse er gratis å ta i bruk, og arkivet før 2020 ligg på Normisjon Sogn og Fjordane sine nettsider.

Alle talane kan du finne på podkast her: https://feeds.feedburner.com/motepunktb Du kan òg abonnere via iTunes eller Spotify eller søke opp Møtepunkt B i andre podkastlesarar.

 

Alpha-kurs

Møtepunkt B er med og arrangerer Alpha-kurs på Sandane. Desse kursa er for deg som er nysgjerrig på dei store spørsmåla, og kan vere ein god måte å nærme seg trua på. Vi anbefaler òg gjerne online Alpha-kurs, som går med jamne mellomrom og som du kan ta frå kvar som helst.

Alpha_course_logo.png