Velkommen innom

Møtepunkt B er ei kristent fellesskap på Sandane i Nordfjord. Vi held til på bedehuset i sentrum og ønskjer å ha låg terskel og høg inkludering. Som vi brukar å seie: Her er vi saman om det viktigaste, nemleg trua på Jesus.

Hos oss finn alle aldersgruppe og typar folk seg til rette og blir ein del av eit vitalt og pulserande fellesskap. Sang og musikk, undervisning og forkynning, nattverd og fellesskap – og det sosiale over ein matbit og kaffi er viktige ingrediensar når vi kjem saman. Vi er ein del av Normisjon.

Visjonen vår er: Jesu kjærleik - for våre bygder - gjennom våre liv

Barn

Vi ønskjer spesielt å tilrettelegge for at barna skal trivast. Derfor har vi aldersinndelte barneopplegg kvar gong vi møtes. MøBa, ei svært omgjengelig ku, gjer også det ho kan for at alle skal kjenne seg velkommen. 

barna.jpg
 

Ungdom

Vi er opptekne av å vere ein stad der det er fint å vere ung, og vi ønskjer at det store fellesskapet skal ha musikk og talar som er tilgjengeleg og forståeleg for ungdom. I tillegg til nokre eigne opplegg på søndagsgudstenestene har ungdomane eigne samlingar på kveldstid.

Misjon

Vi støtter Normisjon sitt arbeid i Bangladesh med 10% av det vi samlet inn.

Hovudmålgruppa for arbeidet er foreldre som har vore gjennom og opplev ekstremt vanskelege livssituasjonar. Dette er gjerne kvinner som har vore utsette for menneskehandel, som bur i bordell og er utsette for prostitusjon eller foreldre som jobbar 12 timers-dagar i klesindustrien. Basha-senteret for menneskehandelsofre i Dhaka er del av dette arbeidet. Du kan lese meir på https://www.normisjon.no/prosjekt/trygg-barndom-i-bangladesh/

Teneste og smågrupper

Vi trur på at mange skal få bidra og vere med. Alle har noko dei kan, og derfor inviterer vi til friviljug teneste innan ei rekke områder.

Vi trur også på at det er i mindre grupper dei beste og viktigaste samtalane i livet skjer. Derfor har vi mange smågrupper som møtes regelmessig.

 

Så stikk innom, sjekk ut, bli med! Vi vil veldig gjerne ha deg med!

 

Styre

  • Anita Sande

    Styreleiar

  • Geirmund Kvamme

    Nestleiar

  • Kjell Magne Birkelund

    Kasserar

  • Geir Eide

    Styremedlem

  • Vegard Tennebø

    Sekretær

  • Magnhild Husevåg

    Varamedlem

Leiargruppe

  • Vegard Tennebø

    Leiar

  • Gunhild Gimmestad

    Barn

  • Ørjan Brunstad

    Medarbeidarar

  • Andreas Tjomsland

    Smågrupper