Taleserie og smågruppeopplegg haust 2025
Alle smågruppesamlingane som PDF
Dette smågruppeopplegget ligg her gratis og tilgjengeleg. Men har du nytte og glede av det, så vipps gjerne ein slant til Møtepunkt B på vippsnr. #540162 og merk med “takk for smågruppeopplegg” eller liknande.
Som menneske er vi meir håpsdrevne skapningar enn vi i regelen tenkjer over. Dei fleste av oss har forventingar og behov, og uten at vi kan vite 100% sikkert at forventingane vert innfridd eller behova dekt, går vi i gang med ein ny dag. Igjen og igjen. Fordi vi håpar. Og det er det håp først og frest er: ventande forventning. Den viktigaste kvaliteten håpet har, er at det orienterer oss mot noko i framtida som vi ennå ikkje har. Håpet skaper vilje og mot til å halde fram, og gjev grunnar for å halde ut. Håp kan gjere gjer tunge augneblink lettare å bære og gje tåleevne ein ikkje trudde ein hadde.
Om håpet glipp, om nokon verkeleg opplever livet sitt som håplaust – ja, då er det skikkeleg mørkt. For kva grunnar finnast då til å halde fram. Å miste håpet er difor ei av dei største krisene som finst.
Men bibelen gjev ankerfeste for håp som ingen omstende, ingen relasjon eller noko menneske kan røve frå oss. Det kristne håpet er forankra i Gud sjølv, og Jesu oppstode frå dei døde. Håpet vårt er fiksert og festa fast i Gud sjølv, i Kristus, i nåden, i Guds løfter, i hans Ord. Difor skildrar bibelen håpet som noko å forventningsfullt vente på (Gal 5,5) eller tålmodig vente på (Jes 8,17), noko som held ut (1.Tess 1,3) noko som står fast (2.Kor 1,7)
I ei verd der både demokrati, fred, tryggleik og fridom kjennes meir usikkert enn for berre nokre år sidan, kan vi alle kjenne på at framtidstrua får ein knekk. Då vil vi minne kvarandre om at objektet for vårt håp som kristne ikkje er forankra i forvetningar om at materiell, helsemessig eller verdsleg velstand. Vårt håp er til Gud. Håpet flettar seg saman med trua på (som er aktiv tillit) at han har kontroll og vil oss vel. Håpet flettar seg også saman med kjærleiken som har blikk for den andre. Difor orienterer det kristne håpet oss alltid mot Gud. Det gjev ressursar for å halde ut i notida og takle det som kjem vår veg.
Det ønskjer vi å løfte fram i denne serien, så vi alle kan kjenne at håpet er som eit sterkt tau (qavah – som er det hebraisk ordet for håp) som vi kan binde rundt livet og stole på at vil halde oss fast i alle livets stormar.
Håp - samling nr. 1
Håpet som ventar
Lesetekst: Rom 8,18-25
Referansetekst: Salme 42
PDF med gruppeopplegg
Som hjorten lengtar etter bekkar med vatn, lengtar sjela etter Gud, skriv salmisten. Trass tårar, sorgtunge tankar og fiendar som hånar, så ventar vi på Gud. Vi er skapt for å vere i lag med han, og det er eit "God-shaped hole" i tilværet som berre han kan fylle. Paulus skriv at vi, saman med resten av skaparverket er i ein ventande og lengtande tilstand. Det er så mykje vondt i verda og vi klarer ikkje fikse det. Vi håpar på frigjering, på at alt skal bli godt. Vi har fått ein smak av det allereie, gjennom Anden som er gjeven. No ventar og lengtar vi – med håp – og med det møte eigne og andre sine avgrensingar, lidingar og vanskar. Eit av kjenneteikna på eit håpsprega liv er tolmodig, lengtande, sukkande venting. Det vonde vi opplever, det som Gud ikkje fiksar no, handlar ikkje om at du trur nok eller rett. Vår oppgåve er å vente på han, stole på han og leggje vårt liv i hans hender.
Håp - samling nr. 2
Håpet om dom
Lesetekst: Matt 25, 31-46
Referansetekst: Salme 58
PDF med gruppeopplegg
Vi bur i ei verd full av urett og urettferdigheit. I veldig stor grad kjem fattigdom, krig, sjukdom og hat til dei som verken fortenar den meir eller mindre enn nokon andre. For ikkje snakke om naturkatastrofar og klimakrisa. Uretten i verda gjer noko med oss, og takk og lov for det! Men jammen tåler vi ganske så vel den uretten som ikkje råkar oss sjølve. Kva skal vi gjere med håpet om ei betre verd?
At Gud ein dag skal halde dom er faktisk godt nytt. Gud vil ikkje i æve sjå vekk i frå all vondskap og urett. Men kven kan stå seg på ein slik dag? Kvar går grensa mellom rettferdig og urettferdig? Fell vi sjølve på feil side? For svaret på det er jo eit rungande JA. Vi håpar difor at Gud skal gjere det vi sjølve ikkje klarer. At han dømmer rettferdig og er nådig samstundes.
Derfor treng vi Jesus! Medan politiske program kan love rettferd i form av økonomisk omfordeling eller å stappe ein type folk i fengsel, så er det kristne håpet om rettferd knytt til at Gud ser alt, og skal dømme til slutt.
Håp - samling nr. 3
Håpet om sameining
Lesetekst: Op 19, 6-9
Referansetekst: Salme 45,11-18
PDF med gruppeopplegg
Når alt kjem til alt, er sjølve oppsummeringa av alle våre lengslar å vere hos Gud. Hjarta våre forblir urolige til dess. Det vi lengtar etter, er ei endeleg sameining med Gud. I openberringa er dette beskrive som Lammets bryllaup. Temaet knyt bryllaupsbiletet gjennom bibelen saman med foreininga av det jordiske og himmelske, som også ekteskapet er eit bilete på. Men sjølv det beste og mest vellykka ekteskap, sjølv den næraste seksualitet, er berre er eit bilete på den foreininga vi skal oppleve.
Bryllaupssalma Salme 45 er eit tydeleg bilete av korleis Kongen "attrår din venleik", og korleis brura blir leidd til han. Og djupt i oss er det akkurat dette håpet vi ber på peikar fram mot. Det vi ennå ikkje ser, men som håpet let oss gripe: Ein dag skal eg vere sett tvers igjennom og omfamna.
Håp - samling nr. 4
Håpet om himmel
Lesetekst: Op 21, 1-7
Referansetekst: Salme 8
PDF med gruppeopplegg
Den karikerte versjonen av det kristne håpet er at vi skal sitje på skydottar og spele harpe. Men det er ikkje det kristne himmelhåpet. Det er fort gjort å gløyme håpet om evigheten. På den eine sida av det kristne spekteret har vi dei som meiner det er opp til oss å skape fred, rettferd og etterlate oss kloden i betre stand. På den andre sida finn vi dei som håpar på ei "evakuering" av dei truande. Midt i dette kjem openberringa sin bodskap om ein ny himmel og ei ny jord. Oppstoda er, som Rom 8,10 peikar på, ikkje åndeleg, men fysisk.
Bibelen byrjar med skapinga, og avsluttast med nyskapinga. I bibelens første to kapittel finst ikkje synd, og det er det same i dei to siste kapitla. Men i byrjinga hadde ikkje syndefallet skjedd. No er det gjort opp, synda er overvunne. Den nyskapte menneskeheita har lagt synda bak seg, i kraft av Jesus soningsverk – på ein ny himmel og ei ny jord: Då treng vi ikkje håp, lenger. Ei heller tru. Då er det kjærleiken som står att.