Taleserie og smågruppeopplegg sein vår 2026

Heile serien i ein pdf

Dette smågruppeopplegget ligg her gratis og tilgjengeleg. Men har du nytte og glede av det, så vipps gjerne ein slant til Møtepunkt B på vippsnr. #540162 og merk med “takk for smågruppeopplegg” eller liknande.

Kyrkja er ikkje eit byggverk vi berre går til ein søndag. Og kyrkja er så mykje meir enn gudstenester. Ho er eit liv, ein kropp, eit fellesskap, eit oppdrag – og eit folk i stadig rørsle. Jesus kallar ikkje disiplar til å vere tilskodarar, men til å vere medbyggjarar. Han gjer oss ikkje til passive mottakarar eller forbrukarar av åndelege opplevingar, men inviterer oss til å ta del i det han sjølv byggjer i verda: eit fellesskap som tek imot han og hans evangelium, og som speglar hans nåde, hans sanning og hans kjærleik.

Når ein menighet er frivillig driven og baserer seg på hjarta, gåvene og hendene til vanlege menneske, blir dette ekstra tydeleg: Alle er kallt. Alle trengst. Alle kan bidra til noko som er større enn seg sjølv. Guds rike blir ikkje bygd av profesjonelle, men av Guds folk – med ulike forteljingar, styrkar, sårbarheiter og gåver.

Serien «Saman skapar vi kyrkja» handlar om dette store biletet: at vi saman får vere ein del av Jesu prosjekt i verda. At kyrkja ikkje er vår idé, men hans. At vi ikkje berre tar imot, men også ber, løfter, bygger, tener og sender. Vi vil sjå på grunnlaget Jesus legg, mangfaldet i kroppen, kallet til bygene våre, hjartet til tenarskapet og oppdraget vi blir sende ut i.

Dette er ein serie som skal styrkje menigheten sin identitet og minne om dette: 
Kyrkja blir ikkje bygd av nokre få, men av alle som seier: «Her er eg, bruk meg.»


Saman som kyrkje - samling nr. 1

På dette fjellet vil eg byggje

Bibelfokus: Matt 16,13–18
PDF med gruppeopplegg

Tema:
Kyrkja høyrer Jesus til. Han byggjer – men vi er medarbeidarane hans. Her legg Jesus sjølv fundamentet for all kyrkjeforståing: Kyrkja er hans verk. Ho startar ikkje i vår innsats, men i hans identitet som Messias, den levande Guds Son. Peter si tru-vedkjenning blir grunnsteinen, og Jesus seier at «dødsrikets portar skal ikkje få makt over henne». Denne veka handlar om å løfte blikket: Kyrkja er ikkje eit menneskeskapt prosjekt, ein klubb eller ein organisasjon – men ei levande rørsle som Jesus sjølv byggjer. Når vi forstår det, blir også vårt eige engasjement frigjerande.

Kort sagt:
Vi jobbar ikkje for Gud, men saman med Gud i noko han har starta og vil fullføre.


Saman som kyrkje - samling nr. 2

Alle delar trengst

Bibelfokus: 1 Kor 12,12–27
PDF med gruppeopplegg

Tema:
Inga gåve er for lita. Ingen tenar er uviktig. Dette er Guds design for ei levande kyrkje, bygd på det allmenne prestedømme. Paulus sin kroppsteologi er noko av det vakraste og mest radikale i Det nye testamentet. Her slår han fast at kvar einaste lem, kvar minste del, kvar gåve og kvar funksjon er nødvendig for at kroppen skal fungere. Det finst ikkje A- og B-menneske, viktige og uviktige. Vi er alle lem på samen kroppen.

Denne veka legg vekt på ei motkulturell sanning: Kyrkja er ikkje bygd på talent, men på tilhøyrsle. Du treng ikkje vere sterk eller synleg – du treng berre å vere ein del av kroppen.

Kort sagt:
Når alle deler bidrar, blir kyrkja levande, sunn og vakker.


Saman som kyrkje - samling nr. 3

Guds hjarte for bygda

Bibelfokus: Jer 29,4–7
PDF med gruppeopplegg

Tema:
Korleis ser tenesta vår ut der vi er sette? Jeremia 29 er ofte sitert for løftevers, men her får vi også eit av dei viktigaste prinsippa for kristent samfunnsliv: Guds folk skal søkje fred og framgang for byen dei bur i. Dei skal plante, byggje, gifte seg, be – vere til stades og vere ei velsigning.

Denne veka handlar om at kyrkja ikkje berre er eit internt fellesskap, men ei gåve til lokalsamfunnet. Gud har plassert menigheten der hen er for ein heilt spesiell grunn. Han ønskjer at vi skal elske bygda, menneska, nabolaget – og vere til stades med Jesu godleik og Jesu sinnelag.

Kort sagt:
Kyrkja er ikkje berre eit fellesskap – men ei gåve til nabolaget, bygda og regionen.


Saman som kyrkje - samling nr. 4

Ten som Jesus

Bibelfokus: Joh 13,1–17

«… sanninga skal vi halda oppe i kjærleik, og i alle måtar veksa opp til han som er hovudet, Kristus.»
PDF med gruppeopplegg

Tema:
Jesus vaskar føtene til sine eigne. Tenarskap er ikkje ei byrde, men ei kraftfull glede. Korleis formar dette kulturen vår?I fotvaskinga viser Jesus at den heilt avgjerande krafta i Guds rike er tenarskap. Han som er Herre og Meister bøyer seg ned og vaskar føtene til disiplane – også Judas sine føter. Han seier: «Eg har gitt dykk eit føredøme.»

Denne veka handlar om at tenarskap ikkje er ein tilleggsaktivitet for spesielt interesserte, men eit grunnleggjande uttrykk for Jesu karakter. Når menigheten tar på seg handkledet, blir kyrkja vakker.

Kort sagt:
Når vi tenar kvarandre, blir vi lik han.

Saman som kyrkje - samling nr. 5

Sendt!

Bibelfokus: Matt 28,18–20
PDF med gruppeopplegg

Tema:
Målet med kyrkja er ikkje aktivitet, men misjon. Vi blir sende ut for å gjere disiplar – med Jesus ved vår side.

Den store misjonsbefalinga er ikkje berre eit oppdrag til misjonærar – men eit kall over heile kyrkja. Jesus sender oss ikkje som utslitne arbeidarar, men i sin eigen autoritet: «Eg er fått all makt… Gå difor...!»  Og han lovar: «Eg er med dykk.» Denne veka peikar på at alt byggjearbeid har eit mål: at menneske skal komme til tru og bli disiplar.

Kort sagt:
Kyrkja er ikkje ein trygg plass vi skal gøyme oss i, men ein treningsplass for å bli utsende.