Taleserie og smågruppeopplegg vår 2026

Heile serien i ein pdf

Dette smågruppeopplegget ligg her gratis og tilgjengeleg. Men har du nytte og glede av det, så vipps gjerne ein slant til Møtepunkt B på vippsnr. #540162 og merk med “takk for smågruppeopplegg” eller liknande.

Det kristne livet er ei vandring der Jesus stadig kallar oss vidare. Vi blir aldri ferdige, aldri fullstendige, men lever i eit levande forhold til ein levande frelsar. Difor finst det alltid meir: meir å forstå, meir å erfare, meir av hans nåde, visdom, frimod og kjærleik.

Difor er ikkje det kristne livet statisk, eller blott ein aktivitet vi gjennomfører, ein vane vi har eller ein disiplin vi gjer. Trua er ikkje ein topp vi når, men eit liv på vandring - i utvikling. Bibelen viser oss ei reise der Den heilage ande formar Kristi liv i oss – uansett alder og erfaring. Sjølv dei som har gått lenge med Jesus, blir inviterte vidare: til djupare røter, vidare utsyn og sterkare fellesskap.

Denne serien er ein invitasjon til heile menigheten: Gud er ikkje ferdig med oss. I løpet av denne serien skal vi sjå på nokre av dei områda der Bibelen løftar fram vekst som ein naturleg del av kristenlivet. Vi skal sjå på nåden som ber oss, visdomen som formar oss, frimodet som fyller oss, og kjærleiken som bind oss saman.

Det kristne livet krympar ikkje – det veks. Heile livet. Og Jesus er sjølv kjelda til all vekst.


Det finst meir - samling nr. 1

Vekst i nåde

Bibelfokus: 2. Peter 3,17-18
«Men de skal veksa i nåden og i kjennskapen til vår Herre og frelsar Jesus Kristus.»
PDF med gruppeopplegg

Tema:
Guds nåde er ikkje statisk. Vi får stadig erfare meir av kven Jesus er og kva han har gjort for oss. Vekst i nåde handlar om å leve ope, mottakande og forankra i hans kjærleik – ikkje i vår eigen prestasjon. Kristenlivet både startar og held fram i Guds initiativ. Helging er ikkje først og fremst moralforbetring, men at Den heilage ande formar Kristi liv i oss. Vi veks når vi tek imot – ikkje når vi tek oss saman. Nåden er «grunnvass-strømmen» som ber heile kristenlivet.

Kort sagt:
Vekst skjer ikkje frå oss til Gud, men frå Gud i oss.


Det finst meir - samling nr. 2

Vekst i kunnskap og forståing

Bibelfokus: Kol 1,9–10

«… at de må bli fylte av kunnskap om hans vilje i all åndeleg visdom og innsikt…»
PDF med gruppeopplegg

Tema:
Trua er ei reise der Jesus stadig openberrar meir av seg sjølv. Å vekse i kunnskap er ikkje å bli «flinkare», men å lære å sjå verda, andre og oss sjølve med Jesu blikk. Vi lærer heile livet. Bibelen lærer at kunnskap om Gud er noko som kjem ved openberring – at Gud viser oss kven han er. Å vekse i kunnskap er derfor ikkje akademisk hovmod, men ei djupare åndsforma innsikt der Den heilage ande opnar skriftene, hjartet og tanken. Sann kristen kunnskap fører alltid til eit liv som ber frukt.

Kort sagt:
Å kjenne Gud er ei gåve som formar livet – ikkje berre tanken.

Audio Block
Double-click here to upload or link to a .mp3. Learn more

Det finst meir - samling nr. 3

Vekst i frimod

Bibelfokus: Apg 4,27–31

«Herre, gje tenarane dine å tala ditt ord med frimod…»
PDF med gruppeopplegg

Tema:
Jesus inviterer oss til å leve meir ope og vågalt for han – i kvardagen, i relasjonar og i teneste. Frimod kjem ikkje frå styrke i oss sjølve, men frå Den heilage ande som fyller oss og sender oss ut. Frimod er ikkje psykologisk styrke eller personlegdomstype. Det er eit åndsverk – eit resultat av at Den heilage ande fyller oss, minner oss om Jesu nærvær og gjer oss trygge i vårt vitnemål. Frimod kjem der frykt blir erstatta med den vissheita at Jesus er med, sender oss og verkar gjennom oss.

Kort sagt:
Frimod kjem ikkje frå sjølvtillit, men frå Kristus-tillit.


Det finst meir - samling nr. 4

Vekst i relasjonar og kjærleik  

Bibelfokus: Ef 4,14–16

«… sanninga skal vi halda oppe i kjærleik, og i alle måtar veksa opp til han som er hovudet, Kristus.»
PDF med gruppeopplegg

Tema:
Vekst skjer ikkje isolert. Jesus formar oss gjennom relasjonar – i menigheten, i familielivet, i vennskap og i møte med dei rundt oss. Å vekse i kjærleik betyr å lære å spegle Jesu hjarte i dei kvardagslege møta. For det kristne livet er grunnleggjande relasjonelt. Kyrkja blir beskriven som ein kropp, der Jesus er hovudet og vi er lemmene. Vekst skjer derfor når vi blir knytte saman, held sanninga oppe i kjærleik, og let Guds Ande forme korleis vi møter, byggjer og ber kvarandre. Kjærleiken er ikkje eit tillegg, men sjølve naturen til eit modent kristent liv.

Kort sagt:
Vi veks ikkje for oss sjølve – vi veks saman.